Juridisk direktør i Konkurransetilsynet Karin Stakkestad Laastad.
Juridisk direktør i Konkurransetilsynet Karin Stakkestad Laastad.

Kontaktpersoner

Konferanse i konkurranserett i dag

I dag, torsdag 9. april, arrangerer Konkurransetilsynet konferanse i konkurranserett i Bergen. Konferansen samlar nokre av dei fremste nasjonale og internasjonale ekspertane frå akademia, konkurransestyresmakter og privat næringsliv.

Informasjonsutveksling og signalisering er eitt av fleire hovudtema på konferansen i år.

Også i år vil professor emeritus ved King's College, Richard Whish, halde innlegg på konferansen. Denne gongen vil han sjå nærare på utveksling av informasjon mellom konkurrentar og kva for prinsipp frå EU-rettspraksis som er særleg relevante ved vurderinga av denne typen samarbeid.

Det blir fleire foredrag om temaet informasjonsutveksling, mellom anna ein gjennomgang av ei nederlandsk sak der konkurransestyresmaktene greip inn mot signalisering mellom aktørar i telekombransjen.

Sist endret: